Om Returkartonglotteriet

Returkartonglotteriet, organisert av Grønt Punkt Norge, har eksistert i ulike former i Noreg sidan 1997! Dei siste åra med ein premiepott på 1,6 millionar kroner. Fram til 2017 var det berre «kubbar» som gav premie, seks reine drikkekartongar i ein sjuande. Frå 2017 og til no har det vore mogleg å vinne både med enkeltkartongar og «kubbar». 10.000kr for enkeltkartongar og 100.000kr for kubbar. IATA IKS har hatt mange vinnarar i dei fire kommunane våre sidan 1997.

Endringar i lotteriet frå 2022

Sorteringsteknologien endrar seg med åra. Difor er det og på tide å endre spelereglane i Returkartonglotteriet. Frå og med 2022 kan ein vinne 100.000kr og 10.000kr, heilt uavhengig av om du føretrekker å levere kubbar eller enkeltkartongar - store eller små. Det viktige er å skrive namn og nummer på den du ynskjer skal vinne, så kan alle kan delta og vinne i lotteriet! Privatpersonar, skuleklasser, barnehagar, idrettslag og organisasjonar.

Her er dei nye spelereglane:

  • Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og nummer på kubben eller enkeltkartongen.
  • Du kan delta med alle type drikkekartongar, i alle størrelsar. Kartongar som toler væske og inneheld bønner, knuste tomatar, sausar, puddingar og til og med vaskemiddel, kan og delta .
  •  Kartongane med namn og nummer kjeldesorterer du som vanleg i papirinnsamlinga
  • Vinnarane trekkast 4 gonger i året.
  • Kartongane trekkast først lokalt på 80 ulike stader over heile landet. Avhengig av innbyggjartal , trekkast det ut mellom ein og sju kartongar, totalt om lag 180 kartongar kvart kvartal.
  • Dei lokale vinnarane gjeng vidare til ei nasjonal trekning kor det trekkast 30 vinnarar av 10.000 kroner og 1 vinnar av 100.000 kroner.
  • Samanlagt er det 124 vinnarar i Returkartonglotteriet kvart år.
  • Vinnarar vil bli kontakta.

 

Er du usikker på korleis noko skal sorterast, eller kva som kan med i lotteritrekninga?

Sjekk sortere.no for meir informasjon, eller ta kontakt med oss her på IATA. Tlf: 350 48 350 E-post: iata@iata.no