Der blir vatnet skild ut frå slammet og sidan pumpa tilbake i slamtanken. Denne operasjonen tek litt tid, slik at bilen blir ståande ei stund på kvar plass. Tanken er difor ikkje tom etter at bilen har vært og tømt, men tørrstoffet er fjerna.

slambil IATA

For at tøminga kan skje, må loket på tanken vere tilgjengeleg. Jord, gras og lignande må fjernast, slik at loket på tanken er lett synleg. Det er ynskjeleg at det settast ein pinne med ein plastpose oppå ved sida av tanken, slik at slamtømaren fort kan sjå kvar tanken er.

Tette oppsamlingstankar tømmast etter behov eller minst ein gong i året.                         

Ekstra tøming

Etter bestilling (0-4m3). Gjeld alle tankar                                             kr. 6267,00 pr. gong

Over 4 m3 kjem eit tillegg pr. m3                                                          kr.   724,00 pr. m3

Ekstra tøming Traktor

Etter bestilling (0-4m3). Gjeld alle tankar                                             kr. 7133,00 pr. gong   

Over 4 m3 kjem eit tillegg pr. m3                                                          kr.   724,00 pr. m3      

Alle prisar er inkl. mva.

Ekstra tøming fakturerast av IATA direkte. 

Har du spørsmål om slamtøming, ta gjerne kontakt med sjåføren på slambilen direkte: 90 71 08 82.
Du er også velkommen til å sende en epost til iata@iata.no eller ringe hovudkontoret vårt på Langmoen i Treungen: 35 04 83 50.