Skriv namn og telefonnummer på kartongkubben du leverer til gjenvinning, så er du automatisk med i Returkartonglotteriet i regi at Grønt Punkt Norge! Premiepotten er på 1,6 millionar kroner.

Dette er Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skolar, barnehagar, idrettslag etc.

Kvart år delas det ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10 000 og 4 premiar à kr. 100 000,-.

Du gjer slik: 

Seks reine drikkekartongar stappast ned i den sjuande. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt henge utanfor. For skulemjølk kartongar gjeld fire tomme i den femte. Ein kan og vinne ved å skrive navnet sitt på bare ein kartong, men maksimal gevinst er då 10.000,-.

Deltakar skriv namn og telefonnummer på ”kubben”  eller kartongen og leverar denne i den kommunale innsamlingsordninga. Då har man eit lodd.
”Kubben” eller kartongen trekkast ved IATAs anlegg kvart kvartal og går vidare til ei nasjonal trekning.
Vinnaren blir kontakta.
 

IATA IKS har fleire vinnarar i Returkartonglotteriet gjennom åra.