Storhushald og næringskundar
Storhushald er mindre verksemder, kontor, pensjonat, forsamlingshus, sjukeheim, skular og andre institusjonar, bensinstasjonar, gatekjøkken og kafeer m.m.
IATA IKS har tilbod til alle storhushushald/næringskundar om henting av avfall. Gebyr for storhushald blir fakturert 4 gonger i året - kvart kvartal. Se prisliste for fastsett gebyr 2024 i eiga lenke.
Avfallet frå storhushald blir henta med renovasjonsbilen etter ordinær hentekalender. Men om ein held til i sentrum kan det gjerast avtale om oftare henting av restavfall.
Campingplassar har eigne avtalar.
Avfallet skal sorterast i ulike fraksjonar:
Restavfall, matrestar, papir/drikkekartong, glas- og hermetikkemballasje, husholdnings plast og papp. Papp må sjølv fraktast til anlegget, dette er gratis og levere.
Dunkar kjøpast direkte av oss og er i kundens eige.
Bioposar til matrestar, plastretursekkar m.m. kan kjøpast hos oss.
Har du spørsmål rundt dette, ta kontakt:
Hovudkontoret på Langmoen i Treungen, tlf. 35 04 83 50 eller send oss ein e-post: iata@iata.no