Når du kjøper landbruksplast er du med på å finansiere ei returordning som sikrar at så mykje av plasten som mogleg gjeng til materialgjenvinning. Det norske landbruket brukar over 12 000 tonn plastemballasje i året, og det er viktig at dette kan kome til nytte nok ein gong gjennom returordninga.

Rundballeplast, nett, fiberduk og PP-sekk gjenvinnes til slutt hos Grønt Punkt Norge. Derfor leverer du dette gratis hos oss.  

  • Det er kun landbruk som soknar til våre eigekommunar som kan levere gratis. (Nome, Drangedal, Nissedal og Åmli)
  • Landbruksplasten må vere rein og fri for forureiningar.
  • Dei ulike plasttypene må leverast kvar for seg, ikkje blanda. Dette gjeld og rundballefolie i ulike farger. 
  • Ordninga gjeld ikkje plastkanner. Dette leverast over vekt som hardplast.

Sjå skriv frå Grønt Punkt Norge for meir informasjon.

 

 

Ta kontakt med oss om du er usikker på korleis det skal kjeldesorterast.

Telefon: 350 48 350

E-post: iata@iata.no