Min renovasjon app
No kan du laste ned "Min renovasjon" appen gratis på Google Play eller App Store. Då får du tømmekalenderen rett på mobilen. Sjå video eller fylgj instruksjonane under for å komma i gang!
Video Min renovasjon (WMV, 10MB)
1. Last ned appen "Min renovasjon" gratis frå Google Play eller App Store.
2. Fyrste gong du brukar appen må du velgje kva kommune du høyrer til.
3. Registrer adressa di eller gards- og bruksnummer.
4. Tømmekalenderen viser kva avfall som blir henta dei ulike dagane på di adresse. Her kan du aktivere varsling, slik at du får beskjed på mobilen før vi hentar avfallet hos deg.
Varslinga er gratis.
5. Under "sortering" ser ein kva avfall som skal i dei ulike dunkane.
6. Under "gjenvinningsstasjonar" finner du informasjon om alle våre anlegg, opningstider, prisar og pakketips.
7. Det er mogleg å legge inn fleire adresser. Det kan vere lurt dersom ein eig fleire bustader, eller om ein hjelper nokon på ei anna adresse.
Appen er gratis å laste ned og kostnadsfri å bruke dersom du er tilkopla WiFi.
Er du fortsatt i tvil?
Ta kontakt med oss her på IATA, så hjelper vi deg!
Tlf: 350 48 350
E-post: iata@iata.no