Klare sekkar frå 1.september
Vi minner om at f.o.m. 1.september 2020 må du levere restavfall i klare sekkar hos oss.
Dette er for at vi enklare skal kunne avdekke feil sortering og for å unngå at farleg avfall skapar farlege situasjonar på anlegget. T.d. kan batteri i restavfallet forårsake brann ved sjølvantenning, som igjen aukar faren for forgifting.
Tal fra BRIS, ei rapporteringsløysing for brann og redningsvesenet, viser at vi dei siste åra har hatt ca. 45 brannar i avfallsanlegg pr.år. Dette skuldast mellom anna feil sortering av batteri.
NB! Gratissekkar til emballasjeplast skal kun nyttast til nettopp det.