Fritidsrenovasjon Skriv ut

IATA IKS har innført fritidsrenovasjon i alle sine kommunar. Nome fekk som siste IATA kommune innført fritidsrenovasjon i 2007. Dette er i tråd med selskapsavtala og forskriftene.

Vi har oppført eigne avfallsbuer (med lås) rundt om i kommunane og avfallet blir henta etter hentekalenderen for storhushald. Dette er ein bringeordning, der kvar hytteeigar sjølv må bringe avfallet sitt til ei av buene. Har du ikkje fått nyklar, kan ein få desse ved å kontakte kontoret i Treungen eller i Lunde. Har du behov for ekstra nykel, kan ein få kjøpt ekstra nyklar. Avfallet må sorterast og vi har plassert ut dunkar for dei ulike fraksjonane. Dunkane er merka ut frå det avfallet som skal i.

Det er viktig at riktig avfall blir lagt i riktig dunk:
stormo jul mm 023
Matrestar;
Frukt, grønsaker, kaffigrut, teposar, bakevarer, ris, pasta m.m.

Papir; Aviser, vekeblad, tidsskrift, reklame (ikkje brunt papir og papp).

Plast;
Mjuk plast som plastposar, plastfolie, beger, m.m. skal leveras reint

Glas/småmetall; klart og farga glas, flasker, vaska hermetikkboksar, metallokk m.m.

Drikkekartong; Reingjorte kartongar til mjølk, juice, dessert, syltetøy m.m.

Restavfall;
Avfallet som blir igjen når du har kjeldesortert. Eks. hard plast, bleier, keramikk, porselen m.m.

Anna avfall som farleg avfall, hageavfall, møblar, bildekk, elektronisk avfall m.m. må du sjølv bringe til avfallstasjonen i: Langmoen i Treungen, Stemmen i Drangedal og Nome Avfallspark, Stormo, i Lunde.

VIKTIG:
Ikkje sett noko avfall utanfor buene!

I buene er det lagt ut bioposar til matrestar samt kurv til å ha på hytta/fritidsbustaden.
Har du spørsmål rundt dette, er du velkomen til å kontakte oss på kontoret i Treungen, tlf. 35 04 83 50 eller i Lunde, tlf. 35 94 94 40.

LAST_UPDATED2
 
Kopirett: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS
Design: Superlativ Media LTD