Heimekompostering Skriv ut

stormo jul mm 026_320x200Heimekompostering er ein god alternativ måte å behandle det våtorganiske avfallet på. Matrestar leggast i ein lukka og isolert kompostbinge. Begynn med eit lag kvist og greinar nedst i kompostbingen. Kvistlaget bør være ca 30 cm opp i bingen. Dette gir nok luft nedanfrå. I tillegg til matrestar, må du tilføre ein viss mengde strø (flis, bark og liknande). Ein gylden regel er å tilføre 1 del strø til 3 delar matrestar. Etter 2 - 4 månader har matrestane blitt til gjødsel, som du kan bruke i bed til blomar eller grønsakhagar.

Heimekompostering gjer frådrag på renovasjonsavgifta! Dette gjelder kun for hushaldsabonnent.

IATA IKS har samarbeid med Drangedal Produkter AS.
Drangedal Produkter AS har produsert kompostbingar sidan 1999. Dei har utvikla ein enkel og rimeleg kompostbinge som kan brukast i dei fleste heimar. Kompostbingen som er laga av tre, er godt isolert og held på varmen om vinteren slik at prosessen går heile året. Utvendig er bingen ca. 100 cm høg og 60 cm i firkant. Den rommar ca. 0,5 m3 og dekker eit normalt årleg husstandsforbruk.

Både IATA IKS og Drangedal Produkter AS ser det som viktig at dei som investerar i heimekompostering
må få ei opplæring. Det har vore kurs i alle IATA - kommunane og dei fleste er svært fornøygde med produktet. Ved kjøp av kompostbinge får du eit eiget hefte som tar for seg heile komposteringsprosessen frå a til å utgitt av Miljøheimevernet.

Prisen på kompostbingen i 2014 er kr. 2400,- inkl. mva.

Frådraget i renovasjonsavgifta er kr. 368,- inkl. mva.

Naboar kan slå seg saman og få same reduksjon i renovasjonsavgifta.

IATA IKS sponsar ikkje strø. Dette kan kjøpas direkte hos Drangedal Produkter AS eller andre.

For å få reduksjon i renovasjonsavgifta må ein fylle ut ein heimekomposteringskontakt.
Kontrakten får du ved å kontakte oss.

Dersom du lurar på noko i forbindelse med heimekompostering, ta kontakt med Siri direkte tlf. 35 94 94 40.

oktober 2008 016_200x320        oktober 2008 017_200x320

LAST_UPDATED2
 
Kopirett: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS
Design: Superlativ Media LTD