Klede og andre gåver som gjevast til Fretex delast ut via Frelsesarmeens sosiale arbeid. Ein del av inntekta frå bruktsalget til Fretex  går og til det sosiale arbeidet. Dette utgjer ca. 30 millioner kroner årleg. Dei har og eiga avdeling for redesign der dei gjenvinner det som er slitt og øydelagd, og lagar spennande ting av bruka og gamalt. Nylig opna Fretex ny "Second hand" butikk på Kjørbekk i Skien. Der sel dei bruka klede, små møblar og andre fine salbare ting som nokon har levert inn.

Bilde fra Fretex

IATA IKS har innsamling av tekstilar to gonger i året. Ei gong på våren og ei gong på hausten, dato finn du i hentekalenderen. Utanom dette kan klede, øvrige tekstilar, sko, vesker, hattar og skjerf leverast på ein av våre gjenvinningsstasjonar. Det må vere pakka tørt og tett i ein klar, knytt plastsekk/pose før vi kan sende det vidare til Fretex. 

Andre måtar å levere inn tøy på er å ta det med til ein av Fretex sine mottak. Butikkane Lindex, BikBok, Cubus og Dressmann tek og imot gåver til Fretex, eller ein kan sende klede via Posten i eigne spesiallaga poser, dette har ein fast pris pr. pose på 50,-.

Gjenbruk av klede er eit godt miljøtiltak. Fretex driver ut frå prinsippa i avfallshierarkiet. Det vil sei at mest mogleg gjenbrukast slik det er. Fretex sine pussefiller er eit døme på korleis øydelagde klede kan utnyttast.

 

Meir om Fretex sitt arbeid kan du lese her.