Vegar gror igjen
Buskar og tre veks godt no. For at vi skal kunne kome fram til dykk utan skade på køyretøya våre, er det viktig at det ikkje heng greiner eller buskar ut i vegen eller vegskuldra.
Buskar og tre veks godt no. For at vi skal kunne kome fram til dykk utan skade på køyretøya våre, er det viktig at det ikkje heng greiner eller buskar ut i vegen eller vegskuldra.
Vi treng ei fri breidde på 3 meter og ei fri høgd på 3,4 meter. Greiner og buskar må difor stussast slik at dei ikkje kjem borti bilen, for at henting skal kunne gjennomførast.
Det er kostbart å erstatte til dømes sidespeglar, eller reparere riper som oppstår på grunn av greiner som hindrar framkome. Dette ønskjer vi å førebyggje.
Dette er viktig for å unngå skadar og sikre god framkome for alle som nyttar vegen.