Fellesløysing 1:

Husstandar med naturleg naboskap kan gå saman om renovasjon.
Dunkane setjas side om side med felles dunkar for papir, mat, og glass- og metallemballasje. Prisen vil då bli redusert, samlefrådrag. Størrelsen på sorteringsdunkane kan justerast etter behov. Vi har 140L, 240L og 360L,  dette har ingen innvirkning på redusert pris. Det kan òg bestilles felles restavfallsdunk, prisen vil då bli ytterlegare redusert. 
 

søppelskurFellesløysing 2:

Kundar med fritidsbustad i ein av våre fire kommunar, Nissedal, Åmli, Drangedal eller Nome, og som har hushaldsabonnement i ein av våre kommunar kan bestille felles renovasjon med bustad. Då bringes avfallet frå fritidsbustad til heimen, slik at vi kan hente avfallet på ein plass. Prisen for fritidsabonnementet vil då bli redusert.


 

Born under 3 år?

Alle våre kundar med born under 3 år, som bur fast på eigedomen kan bestille større restavfallsdunk. Betalast det årleg gebyr for 140L restavfallsdunk aukar vi denne til 240L. Betalast det for 240L aukast denne til 360L. 

Ta kontakt for å bli med på ordninga. Hugs å sei i frå om fødselsdato!

 

 


Har du spørsmål rundt dette? Du er velkomen til å ta kontakt med oss!

Hovudkontoret på Langmoen i Treungen, Tlf: +47 35 04 83 50
Du kan sende oss ein e-post på iata@iata.no

Husk å oppgi gards- og bruksnummer, samt gateadresse til eigedomen.
Gjelder det ”bleiedunk”, husk å oppgi fødselsdato på det minste bornet i husstanden.