Vi oppmodar alle vår kundar om å benytte blanke sekkar ved levering av restavfall her på gjenvinningsstasjonane. Vi tar fortsatt imot svarte sekkar, men det kan då bli utført stikkprøver av sorteringa. Blanke sekkar kan du allreie nå eller i nær framtid få kjøpt der du handlar daglegvarer.

Er du god til å sortere ut plast? Husk at du kan sette ned så mange IATA-sekkar du har behov for på hentedagen. Treng du fleire sekkar, knyt den siste sekken på ein av dunkane, for å signalisere dette for renovatøren. Husk å skyle godt og rist plasten dryppetørr, då kan vi gjenvinne den kanskje så mykje som 10 gonger!

Bruk bioposane for utsortering av matavfall. For mykje matavfall i restavfallet gjer dårligare energiutvinning, samt mindre våtorganisk avfall til biogass og god kompostjord. Treng du fleire bioposar, knyt den siste posen på ein av dunkane, for å signalisere dette for renovatøren.

Nedfallsfukt - Mange får kanskje ikkje nyte all frukt frå trea før det er forseint. Så om du fortsatt har meir igjen, etter å ha invitert venner og kjente på eple- eller plommeslang, så kan resterande leverast gratis her på gjenvinningsstasjonen.