1. Kjøp færre, betre ting

Still deg sjølv nokre ekstra spørsmål før du dreg kortet, kanskje særleg når det er “megasuperdupersalg”. Treng eg dette? Er det av god kvalitet? Eller blir det hengjande eller liggjande i skåpet eller skuffa? Prøv å kjøpe ting som vil halde lenge, både fordi det er av god kvalitet, men og fordi designet er tidlaust.

For miljøspirer: Tenk deg godt om før du kjøper noko nytt. Sjølv om ei t-skjorte verkar billeg har den ein høg pris: Det går til dømes med 1400 liter vatn for å produsere den.

For miljøhelter: Ha kvite månader, altså månader med shoppestopp. Unngå “fast fashion”, ting som går raskt av moten og er av dårlig kvalitet.

2. Spis opp maten

Kvart år kastar kvar og ein av oss 42 kilo spiseleg mat (Kjelde: Matvett og Østfoldforskning). Det betyr at kvar åttande handlepose går rett i søpla, til dømes med mat som har passert best før-datoen, men som ofte er vore god etter. Heldigvis er det enkelt å gjere noko med det. Sleng slappe grønnsaker i ei ildfast form, i staden for i matavfallet, og tryll brune bananer om til restevaflar. Her kan du og ha juiceskvettar i.

Du kan og:

  • Sjå, lukte og smake på maten.
  • Kjøpe og lage mat i riktige mengdar.
  • Fryse ned matrestar, eller råvarer som snart går ut på dato.
  • Halde orden i mat- og kjøleskåp, så det er lett å sjå kva som snart må etast opp.

Fortsatt sulten? Her får du fleire matnyttige tips. (lenke til: Bli mester i matvett)

For miljøspirer: Ha restefest ein gong i veka, til dømes på torsdagar, så du kan starte helga med reint kjøleskap og reint samvit.

For miljøheltar: Planlegg handleturen og sett opp ein vekesmeny. Ta utgangspunkt i råvarene du allereie har, og kjøp råvarer som du kan bruke i fleire rettar. Då blir det lettare å bruke opp heile råvaren, fra stilk til rusk.

3. Få system på søpla

Kjeldesorter avfallet ditt og lever det til gjenvinning. Då sikrar du at verdifulle materialar kjem tilbake i kretsløpet, og at farleg avfall blir tatt hand om på best mogleg måte.

Ein god plass å byrje er å lage eit godt system for kildesortering under kjøkkenbenken. Finn fram fem behaldarar, som esker, kurver og bærenett. Du treng ein til papir, ein til plastemballasje, ein til glas- og metallemballasje, ein til restavfall og ein til matavfall, hvis kommunen din har utsortering av det.

Elektrisk og elektronisk avfall kan du samle i eit bærenett, til dømes batteri og lyspærer, som du kan ta med tilbake til butikkar som sel slike produkt. Farleg avfall kan du levere på gjenvinningsstasjonen, miljøstasjonen, eller på eit anna kommunalt mottak for farlig avfall.

Blei det rot i hovudet? Her kan du lese meir om korleis du lager eit supert system.

For miljøspirer: Kjeldesortér papir, plast, glas- og metallemballasje. Sørg for at panteflasker, farleg avfall og elektrisk og elektronisk avfall aldri hamnar i restavfallet.

For miljøheltar: Kjeldesortér alt, alltid. Er du usikker på kva som skal kor , kan du søke det opp på sortere.no.

4. Ta vare på det du har

Elektronikk, tøy og utstyr kan lett hamne i restavfallet når det byrjer å fuske eller blir holete, og vi ikkje heilt veit korleis vi skal reparere eller stoppa det. Men det fins ein kur. Lær deg korleis du gjer enkle reparasjoner. Søk det opp på YouTube, eller spør folk om råd. Elles så kan du sette ut jobben til profesjonelle fiksarar.

For miljøspirer: Sjekk ut denne sida frå Naturvernforbundet, Ta vare på det du har, for tips og triks til korleis du kan fikse ting sjølv. Her får du og ei oversikt over kor du kan få fiksa ting, om det er skomakarar, skreddarar, eller andre reparatørar du treng.

For miljøhelter: Inviter til ein fiksefest kor naboar, vener og kjende hjelper kvarandre med å reparere ting som har gått i stykker. Sosialt, lærerikt og bra for miljøet på same tid! På den måten forlenger de levetiden til ting som ellers ville ha blitt kastet, samstundes som de lærer dykk korleis de reparerer ein ting eller to.

5. Kjøp brukt og gi bort

Produksjon av nye produkt krev stor ressursbruk og fører med seg store klimagassutslepp. Spar miljøet ved å kjøpe det du treng brukt, og ved å levere ting til gjenvinning, i staden for å kaste det i restavfallet. Fretex, UFF og Renotec samlar blant anna inn klær og tekstiler, som anten blir selt vidare, eller som kan gjenbrukast og resirkulerast.

For miljøspirer: Skaff deg eit handlenett og andre behaldarar som du kan bruke om att og om att, og bruk plastposane du allereie har fleire ganger.

For miljøheltar: Kjøp blant anna gåver, klede og møblar frå bruktbutikkar, gjennom Tise-appen, eller på nettsider som BlomqvistFinn og Lauritz. Arranger byttekveldar med vener, naboer og andre kjende.

6. Sy om

Ikkje kvitt deg med det du allereie har, med ein gong du får lyst på noko nytt. Sy heller om det som heng bakerst eller ligg nederst. Klarer du ikkje gjere det sjølv, så spør andre om hjelp, eller søk på nettet. Jenny Skavlan kan til dømes lære deg korleis gamle filler kan bli til barneskjørt (eit mini-miniskjørt) eller ein sommerbluse.

For miljøspirer: Ikkje gå i butikken med ein gong du ser noko du har lyst på. Skriv det ned først, for eksempeli ei handleliste på mobilen, så du kan kjenne etter. Har du like lyst på kjolen eller stolen om ei veke eller ein månad, er det mindre sannsynleg at du vil angre på kjøpet om eit år.

For miljøheltar: Sjå potensialet i det du har av interiør, klede og møblar. Kan det bli meir aktuelt hvis du gjer om på formen eller fargen? La deg inspirere av andre kreative sjeler på Instagram eller Pinterest, eller få idear frå gjer det sjølv-bøker og magasiner.