Vi veit at bleier fyller seg fort opp i restavfallsdunken. For å lette avfallshandteringa for dykk heime tilbyr vi derfor større dunk til familiar med born under 3 år. Prisen er den same i dei åra det gjeld.

Når bornet/borna er fylt 3 år byttar vi dunken tilbake til opprinneleg størrelse. Men om ein har fått fleire born undervegs kan ein gi beskjed om dette og behalde "bleiedunken" vidare. Hugs då å opplyse om fødselsdato fo det nye bornet.

Har du restavfallsdunk på 140L bytter vi denne til 240L, har du 240L bytter vi denne til 360L.

restavfall søppeldunker

Ta kontakt med oss, gi oss opplysning om fødselsdato på bornet og adressa det gjeld,  og vi byttar dunken innan rimeleg tid. Du kan sjølsagt behalde "bleiedunken" etter endt småbornsperiode. Ein må då betale ordinært fastsett gebyr for restavfallsdunk, avhengig av størrelse.
 
Hovudkontoret på Langmoen, Treungen: tlf. 35 04 83 50, eller du kan sende oss ein e-post på iata@iata.no.
 

Full adresse/gnr./bnr.