Vestfold og Telemark revisjon IKS hadde eigarskapskontroll og forvaltingsrevisjon hos IATA i 2020, der dei merka seg at IATA IKS hadde bleiedunk som tilbod til småbarnsforeldre i sine eigarkommunar. Det er ikkje anledning til å gi sosialt grunngjeve frådrag eller rabattar. Kostnaden for ei slik særordning må i så fall finansierast utanom sjølvkostområdet.

På bakgrunn av dette har våre eigarkommunar vedteke at denne ordninga fell bort, frå og med 1. januar 2022.

Det betyr at dei som allereie har teikna slike avtalar held fram ut avtaleperioden, men det vil ikkje bli teikna nye avtalar i 2022.

restavfall søppeldunker