Renovasjon - dette bør du tenke på Skriv ut

 

Våre renovatørar gjer ein viktig jobb, difor er det viktig å hugse på at:

  • Avfallet blir sett fram seinast kl. 06.00 på hente dagen.ronnie og tom kristian ute p ruta 3_320x200
  • Dunkane skal stå samla og så nære vegen som mogeleg.
  • Restavfallsdunken skal ikkje være overfylt med loket opp! Då treng du større dunk.
  • Dunkane skal stå slik at hjula og handtaket står vendt ut.
  • Plastsekken er knytt for. Sekk som ikkje er knytt for, vil ikkje bli tatt med.
  • Bioposar skal knytast for.
  • Bioposar og plastsekkar blir delt ut etter behov. Knyt den posen du treng rundt hanka på ein av dunkane eller kontakt renovatøren.
  • Tilkomstveg og snuplass skal vere fri for hindringar.
  • Om vinteren skal veg og snuplass vere brøyta og evt. strødd.


Køyreruta
Renovasjonsbilen er ute i all slags ver og køyrer på alle vegar som oppfyller krava til snuplass, stigning, breidde og akseltrykk på 8 tonn.

Vegar og vedlikehald
Tilkomsten skal vere fri for hindringar som gjer henting/tøming vanskeleg. Om vinteren skal veg og snuplass vere brøyta og evt. sandstrødd. Det er også viktig at eigar av vegen ryddar tre og busker slik at desse ikkje heng ut og hindrar bilen i å kome fram.

Renovatøren
IATA IKS har eigne renovatørar/bilar for innsamling.

Renovasjonsbilen
Det er viktig å vere klar over at alt avfall som samlast inn ute hos kunden går i eigne kammer på bilen. Difor er det vanskeleg å få plass til anna avfall enn det som er sett opp på hentekalenderen for dei ulike vekene. Visar det seg at vi har gløymt ditt avfall, noko som ikkje skal skje, gjer vi det sjølvsagt godt igjen. Ring så fort som råd og seinast innan ein veke etter tømedagen.

Spørsmål?
Er det noko du lurar på i forbindelse med renovasjonsbilar, vegar eller om ikkje avfallet er blitt henta?
Ring kontoret på Langmoen (Drangedal, Nissedal og Åmli) tlf. 35 04 83 50 eller
kontoret på Stormo (Nome) tlf. 35 94 94 40.

LAST_UPDATED2
 
Kopirett: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS
Design: Superlativ Media LTD