Vanlige spørsmål Skriv ut

Kva er årlig gebyr eit hushald?
Renovasjonsgebyret er todelt, med eit grunngebyr og eit volumgebyr.
Grunngebyret er fast og betalast av alle juridiske einingar, som bustad eller seksjonert eining.
Volumgebyret betalast for den svarte restavfallsdunken og varierar ut i frå kvar stor dunken er.
Standardvolumet er 140L restavfallsdunk.

Eg har lite avfall, kan eg få redusera gebyr?
Gebyret reknast ut i frå korleis størrelse på den svarte restavfallsdunken du har, og ikkje kor mykje avfall som er oppi dunken. Vi har tilbod om ulik størrelse på dunken. Minste volum er 140L.
Ta kontakt med oss eller les meir om dette på internettsidene våre her

Når blir avfallet mitt tømt?
Renovatørane startar tøming klokka 06.00 og då må avfallet vere klart.
Køyreruta kan du se her eller i hentekalenderen.

Eg har mista hentekalenderen, kvar får eg tak i ny?
Skriv den ut her: Nome, Drangedal, Nissedal/Åmli evt. ring oss for å få den tilsendt.

Korleis får eg tak i bioposar til matrestar og plastsekkar?
Bioposar og plastsekkar blir levert ut etter behov og signal frå kunden. Knyt den den posen du treng på dunken. Evt.ta kontakt med renovatørane ute på ruta eller ring oss og du får det levert på neste hente dag. 

Kvifor er ikkje plastsekken blitt henta?
Har du hugsa å knyte for sekken? Sekken være knytt for at me tar den med.

Kva kostar det å levere avfall på gjenvinningsstasjonen?
Kr. 100,- for ein liten hengar og kr. 200,- for ein stor (traktorhengar).
Vi har betalingsterminal!

Har kommunen ein ordning for heimekompostering?
Vi har ein eigen ordning for dei som ynskjer å kompostere matrestar sjølv. Du må då gjennomføre 2 ting:
1. Skaffe ein godkjent heimekompostbinge.
2. Skrive under på ein heimekomposteringsavtale.
Meir kan du lese om på våre internettsider under "heimekompostering".

Når hentast farleg avfall og klede?
Farleg avfall og klede hentas 2 gonger i året. Sjå meir informasjon her.

 

LAST_UPDATED2
 
Kopirett: Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS
Design: Superlativ Media LTD