For fyrste gong vil ikkje hentekalendaren bli distribuert til hushalda. Vi oppmodar alle om å laste ned appen "Min renovasjon" gratis frå AppStore (IPhone) eller Google Play (Android). Her kan ein få varsling på mobilen for når dei ulike fraksjonane blir tømt. Meir informasjon om dette lenger ned på sida. 

Kalender vil ligge lett tilgjengeleg i PDF-format her på heimesida med moglegheit for utskrift. Den digitale kalendaren inneheld den same informasjonen som tidlegare. Ein kan og finne informasjon om levering av avfall på våre stasjonar under fana "Privat".

Har du vanskar med å laste ned appen eller finne fram til PDF versjonen? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg så godt vi kan! 

Tlf: 350 48 350

E-post: iata@iata.no

NB! Vi har gjort ei endring i kjøreruta som gjer til at vi byttar hentedag for SIGRIDNES i ÅMLI KOMMUNE frå tysdag til måndag, gjeldande frå 1. jan 2020.

 

Video Min renovasjon (WMV, 10MB)

1. Last ned appen "Min renovasjon" gratis frå Google Play eller App Store.

App

 

2. Fyrste gong du brukar appen må du velgje kva kommune du høyrer til.

 

App kommune

 

3. Registrer adressa di eller gards- og bruksnummer.

 

App adresse

 

4. Tømmekalenderen viser kva avfall som blir henta dei ulike dagane på di adresse. Her kan du aktivere varsling, slik at du får beskjed på mobilen før vi hentar avfallet hos deg.

Varslinga er gratis.

 

App varsling

 

5. Under "sortering" ser ein kva avfall som skal i dei ulike dunkane.

 

App sortering

 

6. Under "gjenvinningsstasjonar" finner du informasjon om alle våre anlegg, opningstider, prisar og pakketips.

 

App gjenvinningsstasjonar

 

7. Det er mogleg å legge inn fleire adresser. Det kan vere lurt dersom ein eig fleire bustader, eller om ein hjelper nokon på ei anna adresse. 

Appen er gratis å laste ned og kostnadsfri å bruke dersom du er tilkopla WiFi.

 

App mine steder



Er du fortsatt i tvil?

Ta kontakt med oss her på IATA, så hjelper vi deg!

Tlf: 350 48 350

E-post: iata@iata.no