Om heimekompostering
Heimekompostering er eit godt alternativ for resirkulering av våtorganisk avfall. Dei som heimekomposterar skal ha godkjend (evt. miljømerka), lukka og isolert kompostbinge og areal til å spreie komposten på. Med miljømerka meinast mellom anna at bingen har vore gjennom samanliknbare funksjonstestar, der det og stillast krav til materialet. Desse kan kjøpast hos ulike kjente forhandlarar, saman med strø. Ein kan og lage sin eigen binge om ein ynskjer det. IATA vil då be om ein teikning/skisse av bingen. 


Frådrag
Heimekompostering gir frådrag på renovasjonsavgifta for hushaldsabonnentar. Naboar kan og slå seg saman å få reduksjon i renovasjonsavgifta.


Avtale
For å få reduksjon må ein fylle ut ei heimekomposteringsavtale. IATA IKS har utarbeidd avtalen, som alle som ynskjer å heimekompostere må underskrive og sende inn til selskapet før ein kan starte komposteringa. Avtala rommar vilkår som må være oppfylte for at heimekompostering skal være ein godkjend del av avfallshandteringa. Denne kan du finne på heimesida til IATA, iata.no, eller ved å henvende deg på tlf: 350 48 350.

Slik gjer du det:
Begynn med eit lag kvist og greinar nedst i kompostbingen. Kvistlaget bør være ca. 30 cm opp i bingen. Dette gir nok luft nedanfrå. I tillegg til matrestar, må du tilføra ei viss mengde strø (flis, bark og liknande). Ein gylden regel er å tilføra 1 del strø til 3 delar matrestar. Etter 2 - 4månader har matrestane blitt til gjødsel, som du kan bruke i bed til blomar eller grønsakshagar.
Dette kan du kompostere: grønsaksrestar, frukt, bakevarer, kjøtt- og fiskerestar. Tørkepapir og serviettar er og fint.
Dette kan ikkje komposterast: mineralolje, tungmetall, løysemiddel, støvsugeposar, sigarettar og oske, bleier, bind og Q-tips, 
For at komposteringa skal skje på ein hygienisk og måte, skal det regelmessig blandast strø i komposten. Tørt hageavfall, bark, torv, sagspon, flis, eller liknande. IATA IKS sponsar ikkje strø.


 


Om du lurar på noko i forbindelse med heimekompostering, ta kontakt med oss på tlf:35 04 83 50 eller send ein e-post iata@iata.no