Her kan du sette att ting du har med deg som kanskje andre kan ha bruk for. Det vere seg mindre møblar, interiørartiklar, bilder, speil, pyntegjenstandar, bøker og liknande. Det kjem inn mykje fint, og nokon skattar, i løpet av året.

Ombruk

Vi har ikkje lov til å ta imot elektriske artiklar i ombruksbua. Klede og tekstilar samlast inn til Fretex gjennom henteordninga to gonger i året. Du kan og levere klede og tekstilar gratis her på gjenvinningsstasjonen, men det vil ikkje gå via ombruksbua.

Ombruksbua på Stormo i Nome sto klar i oktober 2020.