Auka aktivitet fører naturleg nok til ekstra køyring for våre renovatørar, som kvar veke køyrer langt utover det som den ordinære hentekalenderen tilseier. Vi er stolte av å kunne tilby hytteturistar same kjeldesorteringsmoglegheiter som elles i hushalda, og vi gjer vårt ytterste for at løysinga skal fungere på best mogleg måte for alle partar. 

Brukarundersøkinga for ei tid tilbake synte at mange hytteeigarar sakna ei løysing for greiare mellomlagring av avfallet inne på hytta. Vi håpar no at dykk har tatt i bruk kjeldesorteringsnetta som vi distribuerte her i sommar, og at det kan vere til hjelp for å organisere fraksjonane før det fraktast til sorteringsbua. Vi har nokon få nett att, slik at om det er nokon som ikkje har fått, så ta kontakt med oss. 

Gje oss gjerne ei tilbakemelding på korleis du syns det fungerer med nett!

 

BaksideFremside