Om ordninga

Felles avfallsforskrifter for alle IATA kommunar har som føremål å sikre ei miljøriktig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling, transport og sluttbehandling av avfall, redusere mengde avfall og leggje til rette for attvinning gjennom kjeldesortering i IATA-kommunane.

IATA IKS betjener avfallsbuer (med lås) rundt om i kommunane og avfallet blir i hovudsak henta etter den ordinære hentekalenderen. Kvar hytteeigar må sjølv bringe avfallet sitt til den bua du soknar til. Avfallet må sorterast og vi har plassert ut dunkar for dei ulike fraksjonane. Dunkane er merka ut ifrå det avfallet som skal i.

Dei som nyttar avfallsbuene til IATA IKS betalar eit tilleggsgebyr for dette.

Nyklar til avfallsbuene blir sendt tinglyst eigar når hytta tas i bruk, eller i forbindelse med melding om ferdigattest. Alle slike nyklar skal fylgje hytta og evt. nye eigarar. Ved behov for nyklar utover dette, ta kontakt med hovudkontoret på Langmoen i Treungen. 

Gebyret

Gebyret er delt i to, eitt grunngebyr og eitt variabelt gebyr.(jf. §§1 og 16, lokal felles forskrift for IATA IKS)

Fritidsrenovasjon har bringeordning til bestemte avfallsbuer, med kjeldesortering.

Dei som nyttar avfallsbuene til IATA IKS, vil få eit årleg tilleggsgebyr på kr. 150,-  I hyttefelt, der IATA IKS sine avfallsbuer blir nytta, er det eit årleg tilleggsgebyr på kr. 300,-. Kjøp av ekstra nykel pr. stk. kr. 440,- + evt. porto.

 

Priskategori:

Beskriving:

Pris inkl. mva

 

Prisgruppe 1     inkl. grunngebyr

Hytter/koier utan innlagt vatn og/eller avlaup

Fråflytta gardsbruk eller hus utan innlagt vatn og/eller avlaup, som blir nytta som fritidsbustad.

 

Sjå din kommune

Prisgruppe 2   inkl. grunngebyr

Hytter med innlagt vatn og/eller avlaup

Fråflytta gardsbruk eller hus med innlagt vatn og/eller avlaup, som blir nytta som fritidsbustad.

Sjå din kommune

 

 

Kundar som eig både bustad og fritidsbustad i ein av våre eigarkommunar, kan tinge felles renovasjon for båe eigedomar. Avfallet må då fraktast til bustadadressa slik at IATA kan hente avfallet på èin plass. Gebyret på fritidsabonnementet vil då bli redusert/ein betaler berre grunngebyr.

 

Gebyrsatsar for hytterenovasjon finner du på heimesida til din kommune:

Nome kommune

Drangedal kommune

Nissedal kommune

Åmli kommune (PDF, 861KB)

Ta kontakt om du lurar på noko:

Hovudkontoret på Langmoen i Treungen, tlf: +47 35 04 83 50 eller send en e-post til iata@iata.no.