Vi har oppført eigne avfallsbuer (med lås) rundt om i kommunane og avfallet blir henta etter den ordinære hentekalenderen. Kvar hytteeigar må sjølv bringe avfallet sitt til den bua du soknar til. Avfallet må sorterast og vi har plassert ut dunkar for dei ulike fraksjonane. Dunkane er merka ut ifrå det avfallet som skal i.

Dei som nyttar avfallsbuene til IATA IKS, vil få eit tilleggsgebyr på kr. 79,00,-

I hyttefelt, der IATA IKS sine avfallsbuer nyttast, er det eit tilleggsgebyr på kr. 159,00,-

Ved behov for nøklar, ta kontakt med hovudkontoret på Langmoen i Treungen. Trenger du ekstra nøklar, kan ein få kjøpt det òg. Ekstra nøkkel kr. 260,- Evt. porto kommer i tillegg.

Kategori A: 

Hytter/koier med låg standard utan straum, utan vegsamband (over 2 km) og frådelte. Der bygningen ikkje er frådelt kan den vere med i ei fellesløysing med hovedbruket når denne har hushaldsrenovasjon.

Kategori B: 

Spreidde hytter utanom felt og utan innlagt vatn og avløp.

Fråflytta gardsbruk og hus som blir nytta som feriehus, og som ligger avsides (spreidd).

Kategori C: 

Hytter i felt utan innlagt vatn og avløp.

Kategori D: 

Hytter med høg standard, veg, vatn og avløp. Fråflytta hus med høg standard, veg, vatn og avløp.

Kategori E: 

Hytter som er eigd av verksemder og institusjonar, hytter der føremålet er utleige, og private hytter med bruksareal (BA) over 150m2.

Hytter med bruksareal over 300m2 får dobbelt gebyr.

Prisliste
KategoriGrunngebyrVariabelt gebyrGebyr u/mvaGebyr inkl mva
A626,-201,-827,-1 034,-
B626,-402,-1 028,-1 285,-
C626,-804,-1 430,-1 788,-
D626,-1 206,-1 832,-2 290,-
E626,-1 608,-2 234,-2 793,-
E over 300m2626,-3 216,-3 842,-4 803,-

 

Ta kontakt om du lurar på noko:

Hovudkontoret på Langmoen i Treungen, tlf: +47 35 04 83 50 eller send en e-post til iata@iata.no.