• Avfallet blir sett fram seinast kl. 06.00 på hentedagen.
  • Dunkane skal stå samla og maks 5m frå vegen.
  • Restavfallsdunken skal ikkje vere overfylt med loket opp! Då treng du større dunk.
  • Dunkane skal stå slik at hjula og handtaket står vendt ut.
  • Plastsekken er knytt for. Sekk som ikkje er knytt for, vil ikkje bli tatt med.
  • Bioposar skal knytast for.
  • Bioposar og plastsekkar blir delt ut etter behov. Knyt den posen du treng rundt hanka på ein av dunkane eller kontakt renovatøren for fleire posar.
  • Tilkomstveg og snuplass skal vere fri for hindringar.
  • Om vinteren skal veg og snuplass vere brøyta og evt. strødd.
  • Du som privatkunde når som helst bestille større dunkar til mat, glas og papir, utan auke i gebyret!


Køyreruta


Renovasjonsbilen er ute i all slags ver og køyrer på alle vegar som oppfyller krava til snuplass, stigning, breidde og akseltrykk på 8 tonn.
 

Vegar og vedlikehald


Tilkomsten skal vere fri for hindringar som gjer henting/tøming vanskeleg. Om vinteren skal veg og snuplass vere brøyta og evt. sandstrødd. Det er også viktig at eigar av vegen ryddar tre og buskar slik at desse ikkje heng ut og hindrar bilen i å kome fram.

Renovatøren


IATA IKS har eigne renovatørar/bilar for innsamling.
 

Renovasjonsbilen


Det er viktig å vere klar over at alt avfall som samlast inn ute hos kunden går i eigne kammer på bilen. Difor er det vanskeleg å få plass til anna avfall enn det som er sett opp på hentekalenderen for dei ulike vekene. Skulle det skje at vi har gløymd å ta med avfallet hjå deg, vær venleg å ta kontakt, så hentar vi det så snart som råd og seinast innan ei veke.

Spørsmål?


Er det noko du lurar på i forbindelse med renovasjonsbilar, vegar eller om kvifor ikkje avfallet er blitt henta?

Ring hovudkontoret på Langmoen, tlf. 35 04 83 50