Matavfall (brun)

Rester av frukt, grønsaker, kaffigrut, teposar, bakevarer, ris, pasta m.m.

Papir og kartong (blå)

Aviser, vekeblad, tidsskrift, reklame, reingjorte kartongar til mjølk, juice, dessert, syltetøy m.m.

(ikkje brunt papir og papp. Dette kan leverast gratis på våre gjenvinningsstasjonar)

Plastemballasje (klar sekk)

Reingjort mjuk plastemballasje som t.d. plastposar, plastfolie, beger, påleggspakker m.m. 

Glas- og metallemballasje (grøn)

Reingjort klart og farga glas, flasker, vaska hermetikkboksar, metallokk m.m.

Restavfall (svart)

Avfallet som blir igjen når du har kjeldesortert, som t.d. hard plast, bleier, keramikk, porselen m.m.

Farleg avfall

Batterier, sparepærer, lim, lakk, sprayboksar, måling o.l. 

Kildesortering

Alle dunkane er merka med fargar og symbol etter kva innhald som skal i. Anna avfall som t.d. hageavfall, møblar, bildekk, elektrisk og elektronisk avfall (les: komfyrar og vaskemaskiner, småelektrisk, TV, varmeovnar) m.m., må du sjølv bringe til ein av avfallstasjonane våre. Det same gjeld tomme målingsspann, som skal sorterast i metall- eller hardplastcontainer.

VIKTIG!

Ikkje sett noko avfall utanfor buene!
I buene er det lagt ut bioposar til matavfall som du kan ta med deg på hytta/fritidsbustaden. 


Har du spørsmål rundt dette, er du velkomen til å kontakte oss på hovudkontoret i Treungen, tlf. 35 04 83 50 eller send en e-post til iata@iata.no