Vi har nå langt meir hushaldsavfall enn vanleg og det er då viktig å vere trygge på at dei forskjellige avfallsstraumane kun inneheld det dei er meint å innehalde.
Det er veldig utfordrande å halde dei ulike avfallsstraumane i drift og vi kan møte store utfordringar på kort varsel. Stoppar desse avfallsstraumane opp, vil det bli vanskeleg å handtere alt innsamla lokalt hos oss.

Framleis drift av avfallsstraumane ut av vårt område til gjenvinning er avhengig av at transportledd og mottakarar er trygge på at dei kun mottar reine fraksjonar i denne tida. Det tyder difor at vi må vere ekstra nøye med kjeldesortering av papir og kartong, glas- og metallemballasje, plast og matavfall.

Restavfallsposane skal vere godt knytt for, gjerne med dobbel knute. Papirlommetørklær, tørkepapir og serviettar skal enten i restavfall eller matavfall, aldri i returordninga for papir og kartong. Plastemballasjen skal vere heilt tom og tørr. Smittevernutstyr som eingongshanskar og skotrekk frå heimesjukepleie o.l. skal kastes i restavfall, aldri i innsamlingsordninga for plastemballasje.
Hjelp oss å halde smitterisiko på et minimum ved å reingjere eigne behaldarar ofte.

Forsking viser at Korona-virus kan leve i opptil eitt døgn på papp og papir, tri dagar på plast og metall. I vår handtering er dette kunnskap vi tar med oss i risikohandteringa av avfallet.

Vi gjer det vi kan for å forhindre smittespreiing mellom våre renovatørar og kundar, og vidare i avfallsstraumen. Vi oppmodar difor alle dykk til å gjere det same. Hald saman – hald avstand!