Rett avfallshandtering hjelper til å løyse miljøproblem og sparar samfunnet for unødig bruk av ressursar. Det er viktig å hindre at avfall oppstår, og at mest mogleg av det avfallet vi produserar går til materialgjenvinning. Det er også viktig at farleg avfall blir behandla forsvarleg.             

Det er mange gode grunnar til å kjeldesortere rett. Under ser du eksempel på ulike type avfall, samt kva avfallet kan bli til:

 

Matavfall

T.d. matrestar, kaffi- og teavfall, frukt og grønsaker, brød, serviettar og tørkepapir.

MatavfallMatavfall blir henta kvar veke og går direkte til vårt eige biogassanlegg, kor det utvinnast metangass til gassmotorar som produserar straum og varmt vatn. Resten omdannas til kompostjord. Hugs å knyte for bioposane!

 

Papir og kartong

T.d. aviser, blad, drikkekartong, småesker og anna emballasje

Papir

Aviser og andre trykksaker sendast til eigne mottak. Der blir det vaska reint for sverte og plast før det plir pressa og solgt til produsentar som lagar nytt avispapir, konvoluttar, kladdbøkar, brevpapir osv.
Bølgepapp sorterast ut og sendast til eigen pappfabrikk for å bli ny papp og kartongemballasje.

Visste du at papirfiber kan gjenvinnast 6-8 gonger?
 

Plastemballasje

T.d. sjampoflasker, ketchupflasker, påleggsemballasje, plastfilm og folie.

Plast

Plast sorterast og blir omdanna til råstoff, granulater, som selgjast vidare til produsentar av nye plastprodukt, t.d. bæreposer, fleece-jakker og andre klede, byggmateriale og bildelar , plastkanner, sjampoflasker osv.

Plasten sorterast i eigne sekkar frå IATA IKS. Desse knytast for og settast fram på hentedagen. 

Plast kan gjenvinnast inntill 10 gonger!!
 

Restavfall

Alt som ikkje kan kjeldesorterast i dei farga dunkane, skal kastas i restavfallet.

T.d. samansette produkt, bleier, keramikk/porselen, barneleiker, isopor ,sneipar, støvsugeposar, lampeskjermar, skinn og lær.

Restavfall

Restavfall går til forbrenningsanlegg som nyttar energien til produksjon av mellom anna fjernvarme.
 

Glas- og metallemballasje

T.d. påleggstuber, aluminiumsfolie, hermetikkboksar, klare- og farga glas. 

Glass og metall

Glasemballasje kan bli til isolasjonsmatter, byggeklossar og vegfyllingar. Metallemballasje blir til ny metallemballasje.

Ei grøn glasflaske kan innehalde omlag 80% resirkulera glas!
 

 

 

Farleg avfall

T.d. batterier, lakk, lim, lysrøyr, sparepærer,sprayboksar, måling og løsemidlar.

farleg avfall

 

Farleg avfall sendast til behandling på godkjente mottaksanlegg. Flytande farleg avfall som malingsrestar kan nyttast som brensel i sementproduksjonar. Noko farleg avfall kan og materialgjenvinnast, men mykje av det  som er att blir energiutnytta.  Les meir om henting av farleg avfall.
 

Klede og tekstilar

T.d. heile eller øydelagte klede, sko, vesker, gardiner, dukar osv.

KledeKlede og tekstilar går til Fretex. Gode tekstilar blir solgt i Fretex butikkane for gjenbruk, mens utslitte klede og tekstilar blir revet opp og solgt som filler til verkstad o.l. som inntekt til Fretex. Mykje blir og nytta til å lage nye produkter av ulike samansette material.

Farleg avfall og tekstilar blir henta i eigen innsamlingsbil to gonger i året. Då er det viktig at den raude boksen er godt synleg og at klede/tekstilar pakkast tett i plast.

 

Drikkekartong

Returkartongkubbe

Drikkekartongar sendast til kartongfabrikker i Sverige der det lagas ny kartongemballasje som kjem tilbake til Norge som mellom anna pizzaeskar.

Vinn pengepremiar, bli med i Returkartonglotteriet!         

 

For fleire gode tips og råd, gå inn på lenkene til våre miljøsamarbeidspartnerar, eller følg IATA IKS på Facebook! På sortere.no kan ein søkje opp ulike fraksjonar om ein er i tvil om korleis det skal sorterast.